top of page
Search

Korleis lære elevane nynorske verb i presens.

Dette er eit forslag til korleis du kan lære elevane nynorske verb.




1. Skriv ut arket, og klipp ut dei tre tekstboksane.

verb i presens - rettet
.ppt
Download PPT • 100KB


2. Del ut til elevane.


Be elevene lese gjennom ei av listene i eitt minutt.



3. Fortsett med å lese over listene


Kvar time, eller minst ein gong i veka kan dei lese gjennnom lappane. Du treng ikkje be dei pugge orda, dei må berre lese gjennom. Du kan velje om dei skal lese gjennom ein eller fleire lister på same tid.



4. Fortset slik til verba i presens blir skrive rett på innleveringer.

Kanskje vil dei hugse orda om dei er på ei slik liste.


Kvifor

Eg trur dette er ein betre måte å lære verb, sidan det som regel er presens som skaper problem for elevane. Å fylle inn verb i bøyingsskjema kan gjere det vanskeleg å hugse, sidan mange av orda er identiske med bokmål i dei andre formene, og det er vanskeleg å finne fram. Det blir og ganske abstrakt, sidan orda ikkje vil stå i ei slikt skjema til vanleg, men vil vere ein del av ein setning.


Samstundes er det kanskje ein sjanse for at dei hugser verba betre om dei har ulike farger. så lenge dei hugser at eit ord er raudt, grønt eller blått, vil dei kunne finne rett bøying.


Edit:


Du kan gjere det same med substantiv. Du kan dele ut desse listene.



fleirtal substantiv
.ppt
Download PPT • 52KB

9 views0 comments

Recent Posts

See All

Comments


bottom of page